Ullvekeutstillinga
Sidan hausten 2021 har Ullveka løfta fram ein handverkar, kunstnar eller organisasjon som har jobba godt med norsk ull i arbeida sine.

ULLVEKEUTSTILLINGA 2026
Unn Søiland Dale
I Ullveka 2026 vil du få moglegheita til å sjå historiske plagg frå designar Unn Søiland Dale.
Unn var ein pionér innan norsk strikkedesign, og sette Noreg på kartet i det internasjonale motebildet. Hennar mønstra gensere i klare farger og spanande kombinasjoner var uvanlege på tida ho levde, og ho blei eit moteikon både nasjonalt og internasjonalt.
Ho er kanskje mest kjend for å ha designa mellom anna Mariusgenseren og andre kjente strikkeplagg. I tillegg designa ho kolleksjonar for motehus i Paris som Givenchy og Dior med fleire.
Unn Søiland Dale har satt varige spor som designar og gründar. I 2002 fekk ho Kongens Fortjenestemedalje i gull for sitt livslange arbeid med å utvikle norsk håndstrikk og gjere det kjent også i utlandet.
Heile Ullveka vil Ullvekeutstillinga vere tilgjengelig i Sanserommet på Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Offisiell opning av utstillinga vil vere i høve arrangementet Natt på Fabrikken fredag 25. september.
Tidlegare Ullvekeutstillarar
Her kan du sjå kven som har vore Ullvekeutstillarar tidlegare.
2025
Strikkekraft
ANNE BJØRKE
Ullvekeutstillinga 2025 syner fram arbeid frå bokprosjektet Strikkekraft av Anne Bjørke. Arbeidet presenterer 21 design for handstrikk av designerar frå både Noreg og fleire andre land. Dei har alle henta inspirasjon frå maskinstrikka plagg frå Norlender Knitwear på Osterøy.
2024
Weaving is life
MARTA KLØVE JUUHL
Orda stammar frå ein engelsk designar som vitja Marta Kløve Juuhl sin vevstove i samband med flettverkprosjektet på Osterøy Museum i 2014. Orda har blitt Martas motto.
«Weaving is life» er meiningsfullt som språkleg metafor for liv og samarbeid.
For Marta er dei bokstavelege: vevinga er livet – og det har den vore i heile hennar yrkesaktive liv.
2023
Følt filt
NORSKE FILTEMAKERE
Ull – eit naturens mirakel. Slik blir ein møtt på framsida til Norske filtmakarar sin heimeside.
I årets Ullveke er det fleire innslag av filting både gjennom Filtmakarane som Ullvekeutstillar, ved den årlege Ullbyen og gjennom fleire kurs og workshops i programmet.
Ullveka ønsker å vere med på å fremje filtmakarane sitt arbeid ved å gje deg plassen som Ullvekeutstillar i 2023.
Utstillinga som er satt saman for Ullvekeutstillinga har fått tittelen «Følt filt», ein utstilling som viser filta produkt i både 2 og 3-dimensjonal form.
2022
Eit liv i ulla
ANNE JOHNSEN
«Ull er eit heilt fantastisk materiale … du kan laga kva som helst!!» – Anne Johnsen
Det er andre gong Ullveka presenterer ein Ullveke-utstillar, og i år har vi ei retrospektiv framsyning av arbeida til Anne Johnsen, filtmakar busett på Holmeknappen i gamle Meland kommune, no Alver.
Ho har jobba med fleire ulike tekstile teknikkar som spinning, veving, strikking og hekling. Men det var filtinga som tok ho for alvor tidlig på 1990-talet og som ho framleis jobbar med.
2021
Veving og plantefarging
ANNE GRETE BREISNES
Ullveka lanserer i 2021 «Årets Ullvekeutstillar”. Vi ønsker å sette fokus på aktørar i vår region som arbeider med ull på eit vis som bør løftast fram og bli satt lys på.
Anne Grete Breisnes har ein spennande verksemnd i vevane sine. Ho har eksprimentert og prøvd ut mykje i ulike enkle- og avanserte bindingar, mange av dei i villsauull. Nokre av tekstilane er såpass komplekse at det rett og slett er imponerande at dei ar laga utan datastyrt vev.





