ULLVEKEUTSTILLINGA 2023
Følt filt
NORSKE FILTEMAKERE
I årets Ullveke er det fleire innslag av filting både gjennom Filtmakarane som Ullvekeutstillar, ved den årlege Ullbyen og gjennom fleire kurs og workshops i programmet.
Ullveka ønsker å vere med på å fremje filtmakarane sitt arbeid ved å gje deg plassen som Ullvekeutstillar i 2023.
Utstillinga som er satt saman for Ullvekeutstillinga har fått tittelen «Følt filt», ein utstilling som viser filta produkt i både 2 og 3-dimensjonal form.

Filting er ei gammal og primitiv teknikk som fekk eit oppsving på 70-talet og som sidan då har vakse seg større og breiare gjennom kunsthandverk, husflid og hobby.
“Felles for alle som startet opp med filting på 70- og 80-tallet var forundring og glede over et håndverk som stadig var så primitivt at det lå bunnløse utviklingsmuligheter foran oss.” (utklipp frå teksten “om oss” på heimesida til norske filtmakarar).
Miljøet i Norge blei større utover 1980-talet, og i 1994 blei Norske Filtmakarar skipa. Sidan då har dei husa profesjonelle filtmakarar og arrangert årlege medlemssutstillingar.
Les meir om historia deira på heimesida: Norske Filtmakarar.
Ull – eit naturens mirakel



