Om Ullveka

Velkommen til ei feiring av norsk ull, dei norske sauerasane, og våre rike tekstiltradisjonar!

ULLVEKA er ei «oval»  festveke med ull i fokus. Programmet er variert og vil ha tilbod for både born, unge og vaksne.

Her kan ein møte ullentusiastar frå heile verdikjeda – frå bonde og produsent til handverkar og formidlarar. Ullveka ønskjer å inkludere alle frå nybegynnarar, skapstrikkarar, tovekunstnarar til erfarne ullfolk som har ull som næring og material i si verksemd.  

Hovedfokuset for Ullveka er å fremje norsk ull og dei uendelege mogelegheitene vi har med våre kortreiste råvarer frå sauen.

ULLVEKA er eit breitt samarbeid mellom Hillesvåg Ullvarefabrikk, 
Lyngheisenteret, Osterøy Museum, Tekstilindustrimuseet, Bryggens Museum, Norsk Utvandringssenter, Hordaland Husflidslag, Nordhordland Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland, Hordamuseet, Amfi Knarvik, Galleri Rustica, Sommerakademiet, Region Nordhordland, Nordhordland UNESCO Biosfære, Gripen Gard, Alver kommune, Hordaland sau og geit, Smak av Nordhordland med fleire.

Husflidskonsulenten i Hordaland, Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Nordhordland UNESCO Biosfære og Sommerakademiet er representerte i styret for Ullveka.

Arrangørane i ULLVEKA håper å være med på å bevare og formidle vår samla kunnskap om ull, og samtidig gje det tradisjonelle ny aktualitet ved å inspirere til å bruke gamle handverksteknikker på nye og moderne måtar. Hovedfokuset for ULLVEKA vil være på norsk ull og dei uendelige bruksmåtane vi har med våre kortreiste råvarer fra sauen.

Ullveka sitt føremål:
Ullveka vil fremje interessa for, utnyttelse og bruk av norsk ull ved å vere ein kompetanse- og nettverksarena, mellom anna ved å arrangere ei årleg Ullveke. 

Arrangørane og samarbeidspartnarane sitt mål er at Ullveka skal bidra til å bevare og formidle kunnskap og samtidig gi det tradisjonelle ny aktualitet ved å inspirere til å bruke gamle handverksteknikkar på nye og moderne måtar.

Førmålet skal oppnås gjennom følgjande aktivitetar: 

– Jobbe for å trygge sunn ullproduksjon og sette fokus på den norske sauen som landskapspleier, reiselivsprodukt og merkevare for kvalitet.

– Jobbe for å formidle og fremme ull som ressurs basert på dyreetiske, bærekraftige og handverksmessige ideal, både industrielt og manuelt, og både på tradisjonelle og nye måter.

– Styrke samarbeid og kommunikasjon mellom aktørane og auke vår felles kunnskapsbank om norsk ull og foredling av ull med konkret fokus på undervisning og skuler. 

– Sette fokus på produsentar, jobbe i lydhøyr dialog med bønder og kunnskapsbærarar av immateriell kulturarv, auke forståinga for dei unike, naturlege og berekraftige fordelane ved norsk ull. 

    Ullveka Vestland får driftstilskot frå Alver kommune, og mottar støtte til utvikling frå Vestland Fylkeskommune i 2026. I tillegg vil Ullveka trenge støtte frå sponsorar og andre støttespelarar for å etablere stødig og berekraftig økonomisk drift framover.

    Laget bak Ullveka

    Ullveka drives i stor grad på dugnad av engasjerte personar som brenn for norsk ull.

    Øyvind Myhr

    Styreleder | Hillesvåg Ullvarefabrikk

    Vigdis Valde

    Koordinator og kontaktperson Ullveka

    Hege-Therese Nilsen

    Styremedlem | Husflidskonsulent i Hordaland

    Torhild Kvingedal

    Økonomiansvarlig | Lyngheisenteret, MUHO

    Kjersti Isdal

    Styremedlem | Region Nordhordland

    Karin Svarstad Flatøy

    Internasjonal kontakt | Sommerakademiet

    Kontakt oss

    Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Eller kanskje du ønsker å vere med som arrangør, kurshaldar eller utstillar under Ullveka? Ta gjerne kontakt!

    ← Tilbake

    Takk for din melding

    Takk for at du tar kontakt med oss! Du vil motta ein tilbakemelding fra oss på epost.