ULLVEKEUTSTILLINGA 2021
Vevar og plantefargar
ANNE GRETE BREISNES
Ullveka lanserer i 2021 «Årets Ullvekeutstillar”. Vi ønsker å sette fokus på aktørar i vår region som arbeider med ull på eit vis som bør løftast fram og bli satt lys på.
Som første ut har vi Anne Grete Breisnes, vevar og plantefargar..
Instagram: @annegretebreisnes

Ho er Husflidshandverkar og har vore aktiv i mange år både ved veven og ved fargegrytane. På verkstad sin i Kunsthuset på Austrheim har ho i ei årrekke trylla fram dei lekraste tekstilane i ulike fibrar. I Ullvekeutstillinga 2021 skal vi sette fokus på arbeidene i ull.
Etter fleire utprøvingar i avanserte bindingar kjøpte Anne Grete seg ein slik datastyrt vev med mange skaft. Men sjølv om ho no kan ta i bruk datavev som lettar arbeidsprosessen i dei mest kompliserte bindingane noko, så er det ikkje alltid ho gjer det likavel. Ho har ein grunnleggande nysgjerrigheit som driv ho i stadige nye utprøvingar og det ligg ein grundigheit i botn som gjer at ein berre må la seg imponere av Anne Grethe sitt arbeid.
Og ikkje minst: heile tida gle seg i spenning til kva ho kjem opp med vidare.
Vi er stolte av å få vise Anne Grethe sine arbeider i Ullveka, og vi er faktisk og spent på kva vi skal få sjå – noko av det er rett og slett i produksjon i skrivande stund!

KVINNA BAK UTSTILLINGA
Anne Grete Breisnes
Anne Grete har ein spennande verksemnd i vevane sine. Ho har eksprimentert og prøvd ut mykje i ulike enkle- og avanserte bindingar, mange av dei i villsauull.
Nokre av tekstilane er såpass komplekse at det rett og slett er imponerande at dei ar laga utan datastyrt vev. Anne Grete er glad i å dele av kunnskapen sin og underviser i vev både i eigen verkstad og i Bergen.
Ein handverkskunstnar av dei sjeldne






