Vestnorsk Utvandringssenter

En del av MUHO Museumssenteret i Hordaland

Eit friluftsmuseum med bygningar flytta fra Amerika.

Vestnorsk utvandringssenter er eit friluftsmuseum med bygningar flytta fra Amerika. Dei fortel om den norske utvandringa og skapar refleksjon omkring migrasjon i vår eiga tid.

I Ullveka trekk dei fram tekstile teknikkar, men legg også vekt på gjenbruk og berekraft. Emigranten er lokale i kjellaren under Emigrantkykja, eit koseleg lokale som er innreia møbler og inventar av den gode, gamle sorten, og som inviterer til sosiale samankomster.

Kva skjer i Ullveka?

KURS

Ull på Prærien

RAG RUG MED ROCKERING

Fillematter, rag rug, er ein gamal måte å utnytte restematerialer, gamle stoff og klede. Vi får eit haldbart og varmt resultat. Lær korleis hos oss i Ullveka.

På prærien laga nybyggarane golvmattene, runde eller ovale, som ikkje krevde vev. I Ullveka gjenbrukar vi gamle ulltepper for å lage di eiga matte. Tidlegare har vi fletta og sydd rag rug, og laga med ei nål. No prøver vi noko nytt. Vi vever rag rug – med rockering! Teknikken kan nyttast til å lage bordskåner, sitteunderlag eller golvmatte om du berre får tid til det.

I kafeen Emigranten og det sosiale rom i kyrkjekjellaren går praten, og du kan starte på fletting av golvmatte, som vert laga av restematerialar. Vi fletter inn gamle stoffer, klede og gode minner, slik norsk-amerikanarane gjorde i husa på prærien.

Vi held materiale og kaffi, viser og fortel, og inviterer til ein koseleg handverkskveld med berekraft og ressursutnytting.

1. oktober | KL 18-21

Emigranten, Vestnorsk Utvandringssenter | Hellandsvegen 541, 5939 Sletta

Pris:

300 kr

max 15 plassar