Osterøy Museum

En del av MUHO Museumssenteret i Hordaland

Levande handverkstradisjonar – Sjå resultatet av hundre år med lokalhistorisk arbeid i folkemuseet på Osterøy.

Heilt fram til 1900-talet var dei fleste vestlendingar bønder, eller fiskarbønder ut mot kysten. Dei budde i klyngetun, eller små landsbyar, saman med fleire andre familiar.

Bygningane i museumstunet på Gjerstad er alle flytta hit for å kunne fortelje om korleis byggeskikken og livet var på Strilandet i tidlegare tider. Dei kan daterast til tida mellom 1600-1850.

Under Ullveka arrangerer Osterøy Museum to kurs – ein workshop om plantefarging med raus og kurs i tekstilskriving på ein annleis måte.

Kva skjer i Ullveka?

KURS

Plantefarging med raud

KURSHALDAR: MONIKA RAVNANGER

På dette kurset lærar du å plantefarge garn. Me skal gå gjennom ulike fargeprosessar for å få raud, og farge med røter, bork, lav og lus.

Monika Ravnanger er utdanna klesdesignar, og har i mange år fordjupa seg i den tekstile kulturarven vår. Monika er tekstilhandverkar på Osterøy museum, der ho tek vare på og formidlar dei gamle tekstile handverksteknikkane, som t.d. kunnskapen om plantefarging.

29. september | KL 17-21

Fargeriet, Osterøy Museum | Gjerstad 44, 5282 Lonevåg

Pris:

1800 kr

KURS

Tekstilskriving på ein annleis måte

KURSHALDAR: EMMA GÖRANSSOM ALMROTH

Velkommen til eit annleis skrivekurs.

På dette kurset skal du læra å skriva ein tekst basert på medbrakt tekstil og erfaringar/minner rundt det. Vi skal skriva med penn og papir og arbeide med eigne tekstar. Til slutt skal vi lage eit samarbeidsprosjekt/installasjon basert på desse tekstane. Dette kurset passar for alle med lidenskap for tekstil og som jobbar med tekstil på ein eller annan måte.

Vi samlast til ein todagars eksperimentell verkstad om skriving, tekstilhistorie og designarbeid når hausten nærmar seg. Naturen trekkjer seg saman og førebur seg på vinterkvile, og me følgjer med på ein søken innover. Vi finn den autentiske røysta vår, som gir gjenlyd tilbake i tid og frå kroppens indre.

Vi skal jobba både inne og ute, så kle deg varmt og ta med noko å sitja på ute. Du må ta med eit tekstilminne til verkstaden. Det bør vera ein gjenstand som vekkjer ei slags kjensle i deg, ikkje nødvendigvis ein positiv ein. Det kan vera noko arva, noko du har laga sjølv eller noko du har fått i gåve. Gjenstanden vil vera utgangspunktet for arbeidsprosessen.

Kursleiar Emma Göransson Almroth er tekstilkunstnar, arkeolog og forskar i det nye forskingsmiljøet Tekstile arv, Konstfack Högskola för kunst, handverk og design i Stockholm.

2. og 3. oktober

Osterøy Museum | Gjerstad 44, 5282 Lonevåg

Pris:

3800 kr

Det er eit avgrensa antall plassar.
Kaffi/te og noko søtt er inkludert. Ta med lunsj sjølv.