Gripen Gard
RURALE TIDSREISER
Gripen gard er eit ekte gamaldags Vestlandsbruk i autentisk landskap – forma av sauen gjennom hundrevis av år.

Sauene på garden er gamalnorsk sau og all ull vert sortert og utnytta til alt frå garn til isolasjon.
På Gripen Gard har dei spesialisert seg på arbeid med ull: frå avl, napping, sortering, karding og spinning – til veving av tråden dei har spunne. I tillegg til tradisjonsmat av sauekjøt og fisk frå Storavatnet, lagar me sirupar, syltetøy, og haustar frå naturen; nøtter, sopp, urter mm.
Gripen arrangerer kurs innan ull, spinning, veving, saum, tørrmuring og baking, og tilbyr overnatting, kurs og opplevingar. Du kan leige minihus eller ei heil lita øy med ein stor lavvo.
Kva skjer i Ullveka?

KURS
Strikkermeliv
LINA ODELL
Kom og skap ditt heilt personlege armplagg der du blandar moderne gjenbruk med den folkelege tradisjonen. Ermane hentar du frå gamle strikkaplagg, eller så strikkar du dei sjølv før kurset. Jakken har du liggjenade heime, eller du finn han i gjenbruksbutikken.
Lina Odell er ein Svensk tekstilkunstnar og forfattar som arbeider fritt mellom moderne uttrykk og folkeleg tradisjon, alltid med folkedrakta i fokus.
Kurset går over 2 dagar 26. og 27. september. Eit stickärmaliv er eit liv som har påsydde ermer som er strikka. Mykje likt eldre vinterbunadar me har hatt /har i Noreg.
Billettar vert lagt ut for sal snart. Dersom du vil førehandsbestille plass, send epost til post@gripengard.no. Merk med “stickärmaliv”.
25. og 26. september
Gripaløa (Gripen Gard) | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
Pris:
3100 kr



KURS
Villsau-ull
HELENE OLLI SOLLID
Du lærer å sortere ulla frå den gamalnorske sauen, plukke ut den beste ulla til karding og spinning. Du lærer å skilje tog og tel, forskjell på roa (nappa) og klipt ull og kva ull som er best til ulike prosjekt. Tips om reinsing og vasking av rå ull.
Ta med forkle og innesko.
Lett servering.
1. oktober | KL 17-19
Gripen Gard | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
Pris:
300 kr
KURS
Råullstrikking
HELENE OLLI SOLLID
Du lærer å strikke direkte frå råull, plukke ut ull som passar til dette og korleis ein jobber med ulla som “garn”. Du kan strikke prøvelappar, eller starte på eit prosjekt som høver for råullstrikking. Det me strikkar på denne måten vert veldig mjukt, og passar godt til plagg nær huda. Du kan kjøpe med deg ull for vidare strikking etter kurset. Ta med forkle, innesko og strikkepinnar (eller heklenåler). Dette er enkelt og artig!
Lett servering.
1. oktober | KL 19-21
Gripen Gard | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
Pris:
300 kr

KURS
Brikkevev
LUCIA ANDALOVA
Du lærer den svært gamle tekninkken brikkevev. Brikkar og garn er inkludert i prisen. Ta med innesko. Det vert kaffepausar med kaffimat.
Skyss frå og tilbake til Flatøy terminal kan ordnast. Avtal med Lucia Andalova på lucia.andal@protonmail.com eller Helene Olli på post@gripengard.no
2. oktober | KL 13-17
Gripen Gard | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
Pris:
900 kr
KURS
Plantefarging del 1
LUCIA ANDALOVA / ASSISTENT: HELENE OLLI SOLLID
Bli med ut i skogen og lær deg korleis du haustar ulike planter, soppar og lav til farging. Du vil få rettleiing i å finne og identifisere plantar til plantefarging. Hugs å kle deg etter veret! Støvlar! Kurset er ikkje avhengig av del 2.
Skyss frå og tilbake til Flatøy terminal kan ordnast. Avtal med Lucia Andalova på lucia.andal@protonmail.com eller Helene Olli på post@gripengard.no
3. oktober | KL 10-12
Gripen Gard | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
Pris:
300 kr
KURS
Plantefarging del 2
LUCIA ANDALOVA
Du lærer å handsame plantene, og klargjere dei for farging, litt plantefargeteori, kjemi over grytene, og så sjølve farginga. Om du ikkje var med å sanka planter i del 1, har me fargeplanter til alle deltakarane i tillegg til det me har hausta tidlegare. Det vert eit enkelt varmt måltid og kaffepausar med kaffimat.
(Kurset er ikkje avhengig av del 1)
Skyss frå og tilbake til Flatøy terminal kan ordnast. Avtal med Lucia Andalova på lucia.andal@protonmail.com eller Helene Olli på post@gripengard.no
3. oktober | KL 13-17
Gripen Gard | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
Pris:
1200 kr




BOKBAD
Snakk med sauen
HILDE BUER
Hilde Buer, sivilagronom, bonde og forfattar av den populære Villsauboka, kjem no med ny bok om sauekviskring og sauesignaler. Sauene til Hilde har gleda over å bli sett og høyrd, dei er alle ulike karakterar med alle slags kjensler. No kan du lære meir om sauen sin åtferd og gjennom det bli ein betre gjetar og sauebonde. Særleg dei siste tiåra har det kome svært mykje ny forsking som viser oss at dyra ikring oss har dei same slag kjensler som vi har, dei er både ulykkelege, glade og forventningsfulle. Har du lyst å gjere livet med sauen meir interessant og hyggeleg og ikkje minst gje sauen betre kår, kan du komme å høyre på Hilde.
Det vert sal av signerte bøker og kaffe med noko til. Velkomne!
3. oktober | KL 18-20
Gripen Gard | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
KURS
Blåfarging med Indigo
LUCIA ANDALOVA
Blå. Farge som engang var tilgjengelig kun for de rikeste. Lær deg om historien og prosessen bak noen av de mest etterspurte farger og prøv det sjøl på vakre Gripen.
Det vert eit enkelt varmt måltid og kaffepausar med kaffimat.
Skyss frå og tilbake til Flatøy terminal kan ordnast. Avtal med Lucia Andalova på lucia.andal@protonmail.com eller Helene Olli på post@gripengard.no
4. oktober | KL 12-16
Gripen Gard | Gripavegen 86, 5919 Frekhaug
Pris:
1000 kr
GRIPEN GARD
Overnatting
Gripen Gard er ein magisk stad å besøke! Dei tilbyr ulike overnattingsalternativ på garden, i tillegg til utleige av selskapslokale med plass til opptil 50 spisegjestar.

